Det er ikkje kvar dag det blir starta opp eit nytt ungdomspartilag i Ørsta og Volda, men i februar skjedde det. Senterungdomen hadde skipingsmøte 9. februar. Ungdomspartiet til Senterpartiet har vore aktive i Ørsta og Volda tidlegare, men det er mange år sidan no.

– Ørsta og Volda er store senterpartikommunar, og vi meiner det er på sin plass med eit lokallag også for Senterungdommen her. Det er også viktige nynorskkommunar, og Senterungdommen er eit ungdomsparti som står på for nynorsken, seier Markus Farstad Andersen, økonomiansvarleg i det nystarta lokallaget.

Andersen er student i Volda, medan leiar Ingvild Rydjord Hansen er fastbuande i Volda. Nestleiar Betzi Elise Iversen er tilflyttar til Volda. Iversen og Hansen har erfaring frå Eide og Fræna Senterungdom, medan Rydjord Hansen er ny partipolitikken.

– Vi har ein god miks av «innfødde» voldingar, studentar og tilflyttarar no, men saknar jo sjølvsagt fleire ørstingar, seier Andersen.

Sidan lokallaget er heilt nystarta, håper dei at ørstingane kjem til etter kvart.

– Senterpartiet er i vinden for tida, og vi er veldig klare til å gjere ein innsats for partiet fram mot stortingsvalet i haust, seier Rydjord Hansen.

Tilbod der folk bur

Kampsakene til det lokale senterungdomslaget har nok resonans hos dei fleste senterpartistar.

– Vi vil ha ein politikk som tek heile landet i bruk, og syter for gode tenestetilbod der folk bur. Då er det viktig å bevare viktige institusjonar som til dømes Volda sjukehus.

Ungdomsparti går ofte litt lenger i mange saker enn det moderpartia gjer, men Andersen seier at Senterungdommen er samde med Senterpartiet i det meste.

– Men vi var til dømes det første ungdomspartiet som tok til orde for ei kjønnsnøytral verneplikt. Det var ei sak som starta hos oss, og til slutt gjekk gjennom Stortinget.

Senterungdommen planlegg fleire arrangement både i samband med valkampen og elles.

– Vi vil også arrangere opne møte, der dei som vil høyre meir enn oss kan kome. Det er heilt uforpliktande. Vi har fått ei veldig god mottaking både frå senterpartilaga og andre i lokalsamfunnet, og gler oss til å kome i gang, seier Ingvild Rydjord Hansen.