Volda sin legendariske porsekjellar får besøk av 80-talsheltane i Broadline ved inngangen til påska.

- Sist vi spelte i Porsekjellaren var i 1981. I 1986 slutta vi. I 2010 starta vi oppatt og skulle eigentleg berre ha ein reunionkonsert. Sidan har vi prøvd å slutte, men vi får det berre ikkje til, fortel tre av medlemmene i Volda-bandet Broadline, Lars Inge Bjørneset, Fred Igland og Frode Bjørneset.

Dei gler seg som ungar på julaftan til å spele i Porsekjellaren der eigaren av Volda Turisthotell har pussa støv av bord og salongar - og satsar på ein ny giv for det som ein gong var ein særs populær spelestad både for studentar og dei lokale innbyggjarane. Porsekjellaren var staden radikale studentar hoppa på golvet i raggsokkar og shetlandsgenserar medan frijazzen dundra i lokalet. Og der hardbarka lokale heltar fann seg til rette i ei krå med eit raust, svalt glas i handa.

- No er det så lenge sidan vi har spelt der at vi kan kalle oss pensjonistar. Men vi gler oss, og lovar at lyden skal bli bra for alle, sjølv om lågt tak kan vere utfordrande, fortel Broadline-musikarane som spelar 80-tals-klassikarar.

Hotelleigar Eilev Halkjelsvik hyra inn BokkeReidars Blues band og Side brok i romjula. Det vart stor suksess. Fullt hus og stemning som i gamle dagar gav meirsmak.

- Vi ønskjer å bruke Porsekjellaren meir til konsertar, for å vere eit supplement til dei andre konsertstadene i Volda. Eg er overtydd om at behovet er til stades, seier Halkjelsvik, klar for Bryan Adams, Nik Kershaw, The Police, Toto, Huey Lewis, Whitesnake, Peter Gabriel og fleire - i Porsekjellaren laurdag før påskeveka.