– Vi har fått melding eit mindre trafikkuhell i Ørsta sentrum. Det er ikkje snakk om personskade, men ein del materielle skader, seier opplyser politiet til Møre-Nytt.
Uhellet skjedde på E39 ved Spar i Ørsta. Politiet har ikkje vore på staden.
– Sidan det ikkje er snakk om personskade, rykte vi ikkje ut til staden.
Operasjonssentralen har ikkje informasjon om fleire bilar har vore involvert i ulykka. Rundt klokka 09.00 fredag morgon stod ein bil med inntrykt front og utløyste airbagar i nordgåande køyrefelt. Bilen var fjerna rundt klokka 10.
– Vi har forståing for at denne bilen skapte litt problem for trafikken, seier politiet.