Det seier Jon Tvinnereim som er leiar for namnekomiteen som har i oppdrag å kome med framlegg til namn, kommunevåpen og ordførarkjede på den nye kommunen Volda-Hornindal som er vedteke slått saman frå 2020.

– I oppdraget ligg det også at vi skal syte for ei brei involvering av innbyggjarane i området i denne prosessen, og det inviterer vi til no. Vi har frist på oss til 1. juni med å kome med framlegg om namn, og ønskjer difor at folk melder til oss innan 10. mai, oppmodar Tvinnereim.

Han vil ikkje røpe kva forslag som har kome inn til no, men blant mange diskusjonar på sosiale medium viser Kviven seg å vere eit namn som dukkar opp ofte. Blant dei som kjem med forslag vil tre verte trekt ut til å vinne premiar for deltakinga.

Seinare startar jobben med nytt kommunevåpen og ordførarkjede.

– Vi kan aldri gjere alle til lags, men målet er at begge kommunane vert synleggjort gjennom det nye namnet, kommunevåpenet og kjedet.