Det har vore ei trafikkulykke i morgontimane søndag, melder politiet på Twitter.

Eit einsleg køyretøy hamna i grøfta i Hovdebygda klokka 04.55.

Ein mann i 20-åra vert sikta for køyring i ruspåverka tilstand. Mannen er meldt for forholdet, og førarkortet er beslaglagt.

Føraren vart køyrt til legevakta for ein sjekk etter hendinga, og politiet sikra også blodprøver av mannen.

Politiet etterforskar saka.