I budsjettet for 2023 er det sett av midlar for å støtte tiltak for uorganisert ungdom. Ørsta ungdomsråd har medverka i utarbeiding av retningslinjer for tilskotsordninga.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til opne møtestadar og støtte tiltak for uorganisert ungdom.

Det kan søkast om tilskot til små og store tiltak for uorganisert ungdom frå tolv til tjue år, til dømes arrangement eller etablering av aktivitet og tilhaldsstader.

Tiltak skal vere rusfrie, godt planlagde, ha konkret lokalisering, og treffe flest mogleg ungdomar uavhengig av sosialt og økonomisk utgangspunkt.

På Ørsta kommune si heimeside står det detaljar om kva søknaden må innehalde, og ein kan søke elektronisk på heimesida.