Høydahl har følgt grupper av ungdomar som var 15 år i perioden 1978 til 2022 fram til dei var 35 år gamle.

– Hovudtrekka i flyttehistoriene til ungdom på veg til «ferdig etablert» er i samsvar med analysar som Kjetil Sørlie i NIBR gjorde på starten av 2000-talet, sjølv om det er ein del endringar. Endringane er likevel små, og mønsteret i flyttinga er så stabilt at det nok er meir påfallande enn endringane, seier Høydahl til NPK.

I rapporten har han delt inn norske kommunar i seks kategoriar etter det han kallar sentralitet. Kategori 1 og 2 er blant anna dei mest sentrale kommunane, slik som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim, medan kategori 6 er dei mest utprega utkantkommunane.

Få vender tilbake

Høydahl gir oss desse eksempel på utviklinga: I 1978 budde det 5.000 femtenåringar i kommunar i kategori 6. I 2023 var det same talet 2.600, altså nesten ei halvering. Trenden er at få av dei som er oppvaksne i dei minste kommunane vender tilbake etter utdanning.

Samstundes veks altså stadig færre ungdomar opp i distrikta, og har ikkje ein distriktskommune å vende tilbake til.

Det er likevel stor skilnad mellom kjønna, noko som heng saman med at det er fleire kvinner enn menn som har høgare utdanning. Dei med høgare utdanning trekkjer i større grad til sentrale strøk enn dei med låg utdanning.

– Dersom vi ser på dei med høg utdanning, så viser det seg at mennene har eit meir sentraliserande flyttemønster enn kvinnene. For dei med utdanning på vidaregåande nivå eller lågare er det motsett. Her er det kvinnene som søkjer seg mest til sentrale strøk, medan kvinner med høgare utdanning kan sjå ut til å vere meir villige til å flytte tilbake til heimkommunen eller andre kommunar utanfor sentrale strøk, seier seniorrådgivaren.

Ser vi heile landet under eitt har det vore ein liten auke i tilbakeflytting til alle kommunekategoriar, minus kategori 6.

Ille i Vanylven og Sande

Nokre utkantkommunar skil seg likevel frå hovudtendensen. Ein liten kommune som har opplevd relativt stor innflytting frå resten av landet pluss innvandring, er vesle Utsira i Rogaland.

Det same ser ein i Austrheim i Hordaland, Aurland og Sogndal i Sogn og i Aukra i Møre og Romsdal. Og det er relativt mange som har blitt buande eller flytta tilbake igjen i kommunar som Luster i Sogn, Sauda i Rogaland, Bømlo i Hordaland, Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal.

Når det gjeld enkeltkommunar som er ekstra hardt ramma av utflytting og forgubbing, nemner Høydahl desse: Fedje, Eidfjord og Ulvik i Hordaland, Vanylven, Sande, Smøla og Fjord i Møre og Romsdal, Vik, Solund og Hyllestad i Sogn, Kvitsøy og Suldal i Rogaland og Bremanger i Fjordane.

Stranda i Møre og Romsdal kunne ha vore nemnt blant desse, men denne kommunen blir i stor grad berga av innvandring, som det gjeld for fleire småkommunar her i landet

Stor skilnad

Snittet for heile landet viser at rundt 50 prosent av alle 35-åringar er busette i kommunen der dei vaks opp. I kommunar med sentralitet 5 ligg talet på 45 prosent, medan det i sentralitet 6 er 35 prosent.

Hovudstraumen går frå kategori 4, 5 og 6 til kommunekategori 1,2 og 3. Kommunane i kategori 5 og 6 har krympa med høvesvis 14 og 28 prosent. Om ein held innvandrarane utanfor, er biletet endå meir dystert, ifølgje Høydahl.

– Vi ser då at kommunane i kategori 5 hadde minka med nesten ein tredel i forhold til talet på dei som vaks opp der, og kommunane i kategori 6 hadde minka med 44 prosent. seier han.

(©NPK)