Den gamle minibussen på Ørstaheimen var over fjorten år gammal. Og den hadde køyrt svært langt. Gleda er difor stor når det no har kome ny minibuss på Ørstaheimen.

Det er Ørsta kommune som melder dette på heimesidene.

– Flagget vart nesten heist på Ørstaheimen torsdag i forrige veke då dei tok imot den nye minibussen sin. Det er ein gledeleg dag, sa tenesteleiar Wenche Flo.

Sjåfør Torbjørn Geitvik er også veldig nøgd, og seier til kommunen sine heimesider at det er ei stund sidan han hinta frampå om at det var på tide å snart byte ut minibussen.

No er han veldig glad for at den nye, flotte bussen endeleg er her.

Bertel O. Steen leverte bilen.

– Her er alt heilt nytt, og tilpassa brukarane, seier Per Myklebust frå Bertel O. Steen.

Bussen kosta ifølgje kommunen nrundt 1,2 millionar kroner. Bussen har ekstra beinplass, stor døropning og høg komfort.

Minibussen har plass til 16 passasjerar og har god plass til gåstolar i bagasjerommet, skriv kommunen.