Dei siste åra har julegrana i Ørsta stått på Havtor Hovden plass ovanfor Ørsta Alti.

Ikkje alle har vore like glade for det, og vil heller at grana skal stå der ho stod i gamle dagar, nemleg på gamle Haldeplassen.

No har det blitt lagt fram sak om dette til kommunestyret torsdag, og tilrådinga frå kommunedirektør Wenche Solheim er soleklar:

– Ørsta kommune si julegran skal stå på Havtor Hovden plass og skal tennast 1.søndag i advent.

Rett nok ynskjer handelsstaden å tenne grana allereie på lystesten 10. november, slik dei har hatt for vane dei siste åra.

Kyrkja, derimot ynskjer seg ikkje uventa første søndag i advent, og får full støtte av kommunedirektøren.

I saksutgreiinga står det at ordføraren har koordinert dei mange innspela som har kome i saka, og det har vore prøvd å få til ei løysing som alle partar kan vere nøgde med.

Vidare står det i saksutgreiinga at handelsstanden kan tenne alle andre lys, men at julegran-tenninga må vente til første søndag i advent.

Det er kommunestyret som avgjer saka på sitt møte torsdag.