Ørsta kommune skriv følgjande på si nettside:

«Kommunen har vorte kontakta av engasjerte innbyggarar som vil hjelpe til med å rydde gater og bed i Ørsta sentrum. Det var halde eit planleggingsmøtet i dag, måndag 31. juli - Resultatet vart følgjande plan:

Ryddedugnaden vert torsdag 3. august kl 09.00. Innsatsen vert retta mot tre område.

Gamle haldeplassen og Kaihuset, koordinator Gunnar Knutsen, telefon 90502151 Møt opp ved Kaihuset

Kunsthuset og Havtor Hovdens plass koordinator Guttorm Hagen, telefon 92822881 Møt opp ved Kunsthuset

Svendsengarden/gågata Eli Kjøde, telefon 93285914 Møt opp i gågata ved Svendsengarden

Send gjerne melding til koordinator til det område som du vil vere på at du kjem.

Bruk gjerne gul vest når du skal vere i gatebilde, ta med eigne handskar, ugraskrafse, bøtte elle noko anna for å samle ugraset i, og drikke. Ørsta kommune vil dele ut sekkar og hente dei tilbake frå same staden som frammøtepunkta.

Kontaktperson i kommunen for det praktiske arbeidet dugnadsdagen: Teknisk vakttelefon 900 49 760.

Eller ta kontakt med varaordførar Karen Høydal på telefon 91385956.

I første omgang at vi valt desse områda som er nemnt ovanfor. Om du har høve til å vere ein time, to timar eller meir bli opp til kvar enkelt, alt hjelpe. Igjen – så oppmodar vi sentrumsforeininga til å ta del.

Den engasjerte gjengen skal ha eit nytt møte 7. august for å oppsummere og eventuelt legge nye planar.

Vel møtt til dugnad for oss sjølve og alle som besøker Ørsta.»