Difor gjekk Volda-folketalet ned då studieåret var over – og Voldakortet for studentar vart innlevert igjen – og oppatt til hausten. Så i tredje kvartal aukar Volda mest igjen.

Men så langt i år er det Ulstein kommune som har hatt størst folketalsvekst av kommunane på søre Sunnmøre, melder Vikebladet Vestposten.

Volda auka altså mest i tredje kvartal, men det hindrar likevel ikkje at Ørsta igjen har litt fleire innbyggarar enn Volda, - rett nok med knapp margin.

Fem av kommunane på søre Sunnmøre er større i dag enn ved inngangen på året. Det gjeld Hareid (+51), Ulstein (+213), Herøy (+53), Volda (+63) og Ørsta (+81).

To kommunar har hatt negativ folketalsutvikling så langt i år. I Vanylven har det blitt 43 færre innbyggjarar så langt og tredje kvartal såg den største tilbakegangen så langt, med 28 færre innbyggjarar samanlikna med utgangen av andre kvartal. Også i Sande var tilbakegangen størst i tredje kvartal med 17 færre innbyggjarar enn ved utgangen av andre kvartal.