Før 20. april blei alle purringar og krav om inkasso frå kommunen sendt ut på papir. Dette hamna i dei vanlige postkassene til folk. Breva blir no sendt til den digitale postkassa til innbyggaren. Det vil seie enten Digipost eller eBoks.

Du blir varsla på e-post eller SMS når du mottar post digitalt.

Dersom du ikkje har valt ei digital postkasse, blir brevet sendt til deg i Altinn. Dersom brevet ikkje blir opna i Altinn innan to kvardagar, blir brevet sendt ut på papir. Bruker du verken Digipost, eBoks eller Altinn, blir brevet sendt direkte ut på papir.