Garantiansvaret gjeld for ein hovudstol på maksimum 1.400.000 kroner, med eit tillegg på 10 % for å dekke renter og omkostningar av den hovudstolen som til ei kvar tid er gjeldande.

– Garantien vert trappa ned i takt med føresett nedbetaling på lånet. Lånets løpetid er på maksimalt 20 år frå utbetalingstidspunktet og garantiansvaret stansar i si heilheit 2 år etter det tidspunktet lånet er føresett å vere nedbetalt, heiter det i godkjenninga frå statsforvaltaren.

Ørsta kyrkjelege fellesråd har tidlegare teke opp lån i samband med renoveringa av Vartdal kyrkje. Ny samla garanti frå Ørsta kommune si side vert etter dette på 3,8 millionar kroner, går det fram av godkjenningsbrevet.