Natt til søndag rykte politiet ut til eit slagsmål i Volda sentrum. På Twitter skriv politiet at dei fekk kontroll på staden. Ambulanse vart rekvirert. Ein av dei involverte hadde smerter i brystet. Politiet rapporterte om hendinga klokka 02.36.

I løpet av natta vart og ein rusa person vist vekk frå ein utestad i Volda.