– Derfor meiner vi at både administrerande direktør Stig Slørdal og dei eigaroppnemnde styrerepresentanten må ta sin hatt og gå, skriv leiar Linda Hatlestad i Fagforbundet Helse Sunnmøre i ei pressemelding.

Mistilliten som no vert retta mot leiinga og styret i Helse Midt-Norge baserer Fagforbundet Sunnmøre på vurderingane som Helse Møre og Romsdal har gjort.

– Vedtaket i Helse Møre og Romsdal var basert på omfattande risiko – og sårbarheitsvurderingar der ein vekta pasienttryggleiken og forsvarleg drift. Dette vart avgjerande for at ein ikkje kunne fylgje den oppsette plan, for innføring av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal HF i april 2024.

Fagforbundet omtalar vedtaket til Helse Midt-Norge om å innføre Helseplattforma frå april 2024 som overraskande.

– Og framstår som risikosport der pasienttryggleik blir lagd i potten. Det er dei tilsette som står nærmast pasienten som står ansvarleg for alle hendingane som skjer med pasienten. Å innføre eit system som set pasientsikkerheit i spel er fullstendig uansvarleg og ei absurd handling etter vår meining.

– Å vekte økonomi framfor pasienttryggleik er etter vår oppfatning straffbart, om ein ser dette i forhold til Helseforetakslova og Helsepersonellslova, og bør fylgjast opp av Statsforvaltaren og Stortinget, om ikkje helseministeren grip inn. Vi har ikkje råd til fleire unødvendige dødsfall i vår helseregion som skyldast Helseplattforma, heiter det i pressemeldinga.