Volda og Ørsta kommunar tilbyr i samarbeid med demensforeiningane i Hornindal, Volda og Ørsta pårørandeskule for pårørande eller andre nære til personar med demens.

Frå midt i oktober og fire veker framover vert det halde ein kurskveld i veka i Ørsta Røde Kors sine lokale i Strandgata i Ørsta.

Det er Ørsta kommune som melder dette.

Kurstilbodet er altså primært retta mot pårørande til heimebuande personar med demens.

Målsetjingane med denne kursrekka er mellom anna å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar og metodar for samhandling som kan bidra til å auke kvaliteten på samværet. I tillegg får ein auka kunnskap om rettar og tenesteapparatet og får møte andre pårørande som er i tilsvarande situasjon.

Kvar samling har faglege innlegg og tid til samtalar og spørsmål. Det vert også pause med kaffi og enkel servering. Det er gratis å delta på kurset.

Påmeldingsfristen er 5. oktober.