– Dei fleste bilar blir selde med dette atterhaldet i dag, noko som gjer det vanskeleg å klaga på feil. Derfor er me svært fornøgde med at bilkjøparane er høyrde på dette viktige punktet. No må seljar opplysa om alle feil på bilen, seier kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF i ei pressemelding.

Forbrukarkjøpslova gjeld når du kjøper eller sel bil privat, eller via forhandlar. Det blir seld om lag 500.000 bruktbilar i Noreg. Kjøparar kjem òg til å få betre vilkår om ein feil oppstår etter at bilen er kjøpt. Feil som blir oppdaga inntil to år etter kjøpstidspunktet, bil frå nyttår av rekna for å ha vore der sidan før overtakinga. Denne perioden har tidlegare vore på seks månader.

– Når retten til heving òg blir styrkt, gjev det forbrukarane betydeleg betre tryggleik. No må forhandlaren forklara eller sannsynleggjera at feilen ikkje var der ved kjøpet. Bevisbyrda er lagd tydeleg hos bilforhandlaren, seier Sødal

Den som kjøper bilen får til gjengjeld større ansvar om vedkomande vel å selja bilen gjennom kommisjon eller formidlingssal.

– Sel du gjennom ein forhandlar er det forbrukarkjøpslova som gjeld, og då har kjøparen betre rettar enn om du sel privat. Du tek på deg med andre ord eit større ansvar for feil ved bilen, og det kan slå tilbake på deg som seljar. Med denne skjerpinga blir det mindre grunn til å selja bilar gjennom formidlingssal og kommisjon, seier Sødal.

(©NPK)