Fleire rektorar og lærarar har foreslått å skilje gutar og jenter i symjeundervisinga, for å få fleire jenter til å delta. Kunnskapsdepartementet vil ikkje gå med på dette. Dei er klare på at kroppspress ikkje skal endre den norske skulen.

– Kropp og kroppspress tek altfor mykje plass i samfunnet alt, og vi kan ikkje late det endre skulen også. Eg meiner derfor at jenter og gutar i hovudsak bør ha felles symjeundervising, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) til NRK Buskerud.

Fleire skular NRK har vore i kontakt med fortel om det same. Det er vanskeleg å gå jenter ut i bassenget når det er gutar der.

Ifølgje organisasjonen Flyte døyr nesten like mange i drukningsulukker i Noreg, som i trafikken. Derfor er det avgjerande viktig at så mange som mogleg lærer seg å symje.

(©NPK)