Konkret ynskjer ordførarane at Sanner tek del på eit felles kommunestyremøte i september.

– Statsråden har ved fleire høve etterlyst lokalt leiarskap i arbeidet med kommunereforma. Ordførarane i Ørsta og Volda har prøvd å syne dette, og tida er no kommunen til å få ein breiare debatt samla i dei to kommunestyra, seier Hovde og Iversen i invitasjonen.

– Det er gode kommunikasjonar mellom Oslo og Ørsta/Volda med sju daglege direkte flyavgangar. Det er difor enkelt å kome fram og tilbake, lokkar ordførarane med.

Dei trur eit slik besøk vil vere viktig både for kommunane og regjeringa.

Eriksson

Ordførarane ynskjer arbeids- og sosialminister Robert Eriksson velkomen til opninga av det nye felles Nav-kontoret i mai. Ordførarane viser til at dette er eit samarbeidstiltak mellom Ørsta og Volda kommunar.

Vidare ynskjer ordførarane at ministeren også vitjar Furene AS.

– Denne arbeidsmarknadsbedrifts er lokalisert i Volda. Furene AS ligg midt i Noreg sitt sterkaste maritime kluster, og er omkransa av eit næringsliv som går svært bra, skriv ordførarane.

Arbeidsministeren er ikkje invitert til ein spesiell dato, men det er ynskjeleg med besøk i løpet av mai eller juni, seier ordførarane.