Bakgrunnen er vedtaket i Høgskulestyre om å stenge symjehallen på Idrettsbygget om tre år.

– Symjeidretten i Volda vil i praksis verte avvikla ved nedlegging av eksisterande basseng, dersom eit anna basseng ikkje står klart når dette skjer, skriv Idrettsrådet i eit brev til kommunen.

Løysinga er eit basseng på Volda Campus Arena, meiner Idrettsrådet.

– Slik idrettsrådet ser det, går toget no, dersom det skal stå klart eit nytt symjeanlegg hausten 2020. Kommunen må difor setje av midlar til planlegging/prosjektering i komande årsbudsjett og finansiere bygging i økonomiplanen for den komande fireårsperioden, står det i brevet.