Saka har vore både komplisert, lang og innfløkt, men no har formannskapet vedteke avtalen om leige ut areal på Mosflata til hestesportslaga i Ørsta. Hestesporten må flytte fordi det skal byggast ny fleirbrukshall på arealet dei brukar på Utstillingsplassen i dag.

Assisterande rådmann Eldar Rune Øye var klar på at framlegget til avtale bygger på dei same prinsippa som er lagt til grunn ved utleige eller sal av areal til andre idrettslag.

– Om vi går på akkord med det, endrar vi på det kommunestyret har lagt til grunn tidlegare. Dei betalar her 5.000 i månaden for eit ganske stort areal, sa han.

Det har vore diskusjon om kor vidt kommunen skal ta meir enn berre tomtekostnaden i avtalen, altså at kommunen skal ta kostnad med opparbeiding av tomta.

– Det vanlege er å ta tomtekostnaden. Gjer vi noko anna, så skurrar det i mitt hovud. Då gjer vi noko heilt uvanleg, sa Gunnar Knutsen (V).

Vedtaket til formannskapet legg ikkje opp til at kommunen skal betale opparbeiding av tomta.

Synnøve Rekkedal Hill var oppteken av likebehandling mellom hesteidretten og hallidrettane som skal inn i fleirbrukshallen.

– 63.000 kr i året (som avtalen legg opp til, journ.merk.) er ikkje så mykje for eit så stort areal, men det er også ein liten idrett vi snakkar om. No har vi nettopp bestemt at vi skal bygge ein ny hall til 190 mill. kr, utan å ta husleige for det, sa hop.

– Når det gjeld fleirbrukshallen, så har også Ørsta kommune behov for ein slik hall til våre oppgåver. Fritaket for husleige er også knytt til momsreglar, så det er ikkje direkte samanliknbart. Det blir heller ikkje betalt husleige for hallane på Vartdal og Sæbø, svarte rådmann Wenche Solheim.

Ho meinte avtalen er god for hestesporten, og la til:

– Denne løysinga kom eigentleg på eit sølvfat då vi flytta fleirbrukshallen. Kommunestyret har vore velvillige, og vi har gitt kremtomta i byen til ein ganske liten idrett. Eg føler ikkje vi har noko å skjemst over i denne saka.

Hans Olav Myklebust (Frp) var samd.

– Tilrådinga er god, ho tek omsyn til likebehandling og er ei god hjelp for å få i stand eit hestesportsanlegg.

Det mest usikre momentet i avtalen er det som er knytt til flaumsikring. Det er krav om flaumsikring mot elva i reguleringsplanen, og i avtalevedtaket er det presisert at rådmannen må avklare omfang og fordeling av kostnader til dette når det blir søkt om tiltak på tomta. Saka vil dermed kome tilbake til politisk handsaming.

– Ideelt sett burde sikringa vore på plass i forkant av dette, men hendingsgangen har vorte som det har vorte. Det vil uansett ikkje påverke leigeavtalen, som vi handsamar no.

– Dette er det beste vi kan klare å vedta i dag. Vi finn ikkje ut meir om flaumsikringa uansett kor lenge vi sit her. Leigeavtalen er grei, og punktet om flaumsikring er halde ope, sa Inger Sandvik Sundnes (H).

Vedtaket vart samrøystes i tråd med rådmannen si tilråding. Avtalen gjeld i 40 år, og den årlege leiga på 63.000 kroner skal justerast etter konsumprisindeksen.

Ville ha vedtak: Ordførar Stein Aam ville ha ei avklaring om hestesportsanlegget. Foto: Marius Myklebust