Den gamle Mercedesen til Ørsta Brann og Redning gjer nytten framleis, men no håper brannsjef Einar Ytre-Hauge at hovudbrannbilen i Ørsta sentrum syng på siste verset.

Manglar utstyr

Hovudbilen i Ørsta sentrum er frå 1995, og manglar mykje moderne utstyr.

– Den har mellom anna ikkje utstyr for sløkking med skum. Vi fekk sjå under Lærdalsbrannen kor viktig dette er. Vi har heller ikkje vinsj. Det er viktig ved trafikkulykker, der det er viktig å få fastklemte personar raskt ut av ulykkesbilane. Brannbilen har heller ikkje setebelte til mannskapet, seier Ytre-Hauge.

I tillegg byrjar bilen å merke alderen.

– Det kan skje at vi får driftsstans på bilen, og det gjer beredskapen sårbar. Til dømes må vi av og til sende røykdykkarar inn i hus, og det medfører høg risiko. Då er vi heilt avhengige av å kunne stole på utstyret. Vasspumpa står på hovudbilen. Om den sviktar, er mannskapet i livsfare. Så enkelt er det.

Det har allereie skjedd at hovudpumpa på bilen har svikta.

– Det var heldigvis under ei øving, men det treng det ikkje vere neste gong, seier Ytre-Hauge.

Berre Ørsta manglar

Hornindal, Volda, Ulstein og Herøy har alle fått levert nye og moderne brannbilar dei siste åra, men ikkje Ørsta.

– Det vi spør etter, er ikkje noko ekstravagant. Det er ein standard brannbil med stor nok motor og det moderne utstyret som er naudsynt.

Fullfinansiering av bilen til 3,3 millionar kroner pluss moms var inne på kommunebudsjettet for 2014, men vart teke ut. No er håpet at politikarane løyver pengar til bilen på budsjettet for 2016.

– Det er allereie inne på økonomiplanen, så no håper vi det også kjem med i budsjettet, seier Ytre-Hauge.

Han er klar over at Ørsta kommune står framfor mange investeringar dei neste åra, men meiner dei 3,3 millionan brannbilen må prioriterast.

– No meiner vi det er brannvesenet sin tur til å få nokre investeringar. Det er ingenting som er viktigare enn å syte for at innbyggjarane har det trygt.

Planen er at dagens hovudbil i Ørsta skal flyttast til Sæbø når den nye sentrumsbilen er på plass. Dagens bil på Sæbø har problem med å halde høg nok fart under utrykking.

<strong>Frå 1995:</strong> Hovudbrannbilen i Ørsta sentrum er frå 1995, og manglar mellom anna skumutstyr og vinsj. Dersom ein ny brannbil blir bestilt i 2016, er leveringstida mellom 8 og 12 månader.