Kameratane Arve Haugland og Martin Hauge-Nilsen byrja å diskutere om dei kunne lage eit flott og artig hinderløp på Sunnmøre.

– Vi hadde vore ute å trent og skulle lufte bikkja. Då gjekk vi opp i skogen for å sjå om det var mogleg å få til, og det var det. Vi såg steingjerder, røter og byrja å tenkje på løypa. Det har vore ein god jobb med motorsag, og vi har slått ned 3–400 pålar og spraya for å merke løypa, seier Haugland.

I slutten av mars starta arbeidet med lage dei ulike hindera og merking av løypa. I byrjinga av mai stilte fleire ungdomar opp på dugnader, og nesten alt arbeidet med løypa vart ferdig. Førre laurdag vart det arrangert testløp med gode tilbakemeldingar.

– Det har vore veldig positivt. På testløpet var den yngste deltakaren 12 år og eg var den eldste. To damer stilte også opp. Deltakarane syntest det var kjempeartig, men tungt.

Torsdag denne veka har Aktiv Trening fått løyve til å ha ein X-fit-time i hinderløypa.

– Det er god reklame for oss, og om lag eller bedrifter kunne tenke seg å prøve er det berre å ta kontakt.

Aktivitet

Haugland og Hauge Nilsen har lyst til å få folk i aktivitet, og gjere noko som ikkje har vore gjort før. Opphavleg var målsetting å få 40 deltakarar til løpet i august, men det er no oppjustert.

– Vi vil prøve å få med seksti deltakarar til løpet. Det har vorte lagt ned 100–200 timar med dugnadsarbeid, og vi vil prøve å få til løpet også neste år. Det er kjekt å få ting til å skje i bygda.

– Kva er det som ventar deltakarane i hinderløpet?

– Dei skal stort sett over eller under hinder som rotvelt, steingjerder, og grøfter. Generelt så er det ujamt terreng. Litt av løypa er på sti eller skogsveg, i tillegg til upløgd jorde og eit gjørmehol eller to. To stader skal der berast stein. For ungdom og damer veg desse 20 kilo, og for er vekta nærare 30 kilo. Tre stader i løypa skal og berast tømmerstokkar som er litt lettare enn steinane. Det er variert innhald og ei utfordring for dei som deltek.

Arrangøren understrekar at løpet er for alle uansett form, og at det viktigaste er å utfordre seg sjølv og delta i fysisk aktivitet saman med andre.

– For konkurranseklassa er det to rundar i løypa på tid. I ungdom- og mosjonsklassa kan dei velje om dei vil ha ei eller to rundar. På runde to får dei med seg ein hemmeleg gjenstand som dei skal bere med seg gjennom heile løypa.