Måndag føremiddag melder politiet om eit forsøk på innbrot ved Volda bygdetun.

Ingen gjenstandar er stole frå bygdetunet, men ein truleg stolen el-sykkel vart funnen på staden. Eigaren av sykkelen kan ta kontakt med politiet.