Å ja, vi let oss ikkje lure, dei omtalar deg som Mellegarden og Svendsengarden, begge hankjønnsord, men vi ørstingar veit og ser – du er ei fin, eldre dame som elskar pynt, krimskrams og blondeverk. Og vi elskar deg for det.

For 150 år sidan, då du vart laga i Thams i Trøndelag, var ikkje Funkis-stilen oppfunnen, heldigvis for deg og for oss ørstingar og alle dei som gjester oss og besøker deg.

Difor kan du i dag stå her i Vikegata og skine for oss alle, gamaldags og herleg med alt ditt krimskrams og blondeverk.

Du er retteleg ei ærverdig og respektabel dame – ei madame. Mykje har du sett og opplevd i løpet av desse 150 åra du har stått her i Vikegata. Ja, i byrjinga var her inga Vikegate, men ein staseleg hage som gjekk like ned til fjorden. Med stiar, blomebed, bærbusker, frukttre og hasseltrehekkar. Eg trur nok du sørgde over å sjå at hagen din minka år for år. Men kanskje var det ei trøyst å følgje med på det veksande livet og dei nye aktivitetane som krinsa rundt deg, for du var jo midtpunkt i alt.

Butikk. Postkontor, bibliotek,

legekontor, kunstutstillingar, hotell, møterom, heim for folk, kafe og mykjeanna. Men du har halde på løyndomane dine om alt du har opplevd, heldigvis.

Vi skjønar og veit, alt har du sett og hysa, ikkje noko menneskeleg er deg framand. Du har sett det – alt.

Og no står du her, pussa og fin, klar for feiring – jubileumsfeiring – 150 år er ein anseeleg alder, sjølv for eit hus. Du er ein fin, gammal årgang – ei ærverdig, eldre dame. Og vi elskar og aktar deg, har gjort deg så fin som vi berre kunne, og framleis trur vi at du likar at det skjer noko rundt deg.

Vi vil fylle deg med folk, tale for deg, lese dikt, halde foredrag, musikk skal tone, og kanskje vil sjølvast Hans Nielsen Hauge, ein mann som var så viktig for folka som budde her, kome på vitjing.

På tysdag vil formannskapet i Ørsta vitje deg i dine stover, på same vis som i tidlegare tider då vi vart eigen kommune og ikkje lenger var del av Volden.

Vi vonar du vil like jubileumsfeiringa vi har stelt i stand. Vonar du står her og skin like vakker om nye 150 år. At vi maktar å ta vare på deg.

Til lukke med jubileet!

Dikt til madame Svendsen

Fritt etter Olav H. Hauge

Dei store stormane

har du attom deg

Spebarnsgråt

barnelatter

renn ut og inn dører

hysing av gjester frå

inn og utland

store middagsbord

tenestefolk og herskapsfolk.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

du berre stod i det,

verna om folket,

stod i stormen.

Men det gjeng an å verte

150 år også

vafler og kaker i kafeen

svinsing og svansing av fine jenter i kvite forkle

roser i blomebeda

solskin i hagen

Om kvelden kan du kvile

stille og ro i roma dine

dørene er låst.

Då let du andre fyllast

med støyande musikk

og høglydt prat

Medan du kviler og minnest.