Makrellen har ikkje svømmeblære i ryggen og sym derfor heile livet utan stans, dette gjer fiskekjøtet spenstig og næringsrikt. Makrellen vandrar langs kysten vår i Sør-Noreg og samlar seg i gigantstimar som kan vere så store som ni kilometer lange og fire kilometer breie. Kjenneteikn på makrellen er stilige tigerliknande striper som glitrar med svartgrøn fagre og kvit buk, det er berre makrellen som har slike striper i vårt farvatn.
For ein hobbyfiskarar kan det vere stor lykke å kome borti ein makrellstim, det kan ende med storfangst! Får du ein makrell på kroken i juli-august er den garantert full av omega 3-feittsyrer, vitamin D og B12. Makrell er med andre ord ein veldig god og sunn fisk.
Små makrell kallast pir og kan grillast heile, men makrellen må steikast på begge sider. La alltid makrellen ligge litt lenger enn du trur, då får skinnet bli skikkeleg steikt først. Skjer eit par lette snitt på kvar side av fisken før du grillar den, då får du ei fin og sprø steikeskorpe som ser lekker oppå sommarsalaten. Makrellen er eit sikkert sommarteikn, nyt den no!
Ingrediensar
750 g makrellfilet
salt og pepar
olje
Salat
1 stk. tomat
12 stk. reddik
½ agurk
1 ss frist graslauk
1 dl baconost
1 dl lettrømme
mjølk
salt og pepar
Tilbehøyr
Brød
Framgangsmåte
Skjer makrell i serveringsstykke og dryss på salt og pepar. Pensle stykka med olje og grill dei ca. 2 minutt på kvar side.
Salat
Skjer tomat i tynne båtar, reddik og agurk i tynne skiver. Bland saman grønsakene og finhakka graslauk. Pisk saman baconost og lettrømme, og spe med litt mjølk til det blir ein fyldig dressing. Smak til med salt og pepar, og slå dressingen over salaten. Server nysteikt makrell med sommarsalat og brød ved sidan av.