Det var totalt 16 personar om bord, inkludert tre i besetninga, skriv avisa.

– Vi trykte på den raude knappen og sette full beredskap, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad i politiet til Bergens Tidende.

– Kapteinen om bord i flyet melder at ingen var uroa eller redde. Ingen passasjerar vart eksponert for røyken, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Bergens Tidende.