– Vi set skattetrekket etter det vi forventar at du skal ha av formue, inntekter og frådrag. Dette blir rekna ut frå tidlegare skatteoppgjer, anslag på lønnsvekst og renteutvikling. Men Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og andre forhold kan også påverke økonomien din. Det er viktig at du sjølv sjekkar at opplysningane stemmer og legg inn rette tal, slik at skattetrekket blir så rett som mogleg, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Rentene auka kraftig i 2023, og Skatteetaten tek omsyn til denne auken i skattekortet for 2024. Dette er gjennomsnittstal som ikkje nødvendigvis blir heilt presise for kvar enkelt, derfor er det ekstra viktig i år å sjekke skattekortet.

– Sjekk at lån og renter på gjeld i skattekortet stemmer med det du forventar å betale i løpet av 2024. Det same gjeld renteinntekter. Renter på lån og sparing påverkar skatten, seier skattedirektøren.

Etaten oppmodar også til ein kontroll minst éin gong til gjennom året og gjere eventuelle justeringar i skattekortet om nødvendig. Feil opplysningar kan anten føre til at du betaler for mykje i skatt, eller må betale restskatt.

(©NPK)