Før påske var utstyr som lenger ikkje var i bruk på brannstasjonen i Ørsta pakka og sendt til Ukraina.

– Ørsta brannstasjon hadde utstyr som var utdatert, men framleis gode nok. Det har blitt liggande i tilfelle det vart bruk for det, men ser at kollegane i Ukraina har meir bruk for det enn brannstasjonen her i Ørsta, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Foto: Thomas Winther Leira/Ørsta kommune

Grethe Elin Enerhaug frå Hjelpesendingene til Ukraina kom til brannstasjonen og pakka med seg utstyret som skal til Strumok. Utstyret som vart sendt frå Ørsta er:

  • Hjelmar 21stk

  • Støvlar 8par

  • Brannkle 13 heile sett + ei bukse

  • 6 førstehjelpskoffertar ( delvis utgått)

  • 7 røykdykkarmasker (MSA)

  • 1 1,5" tøyslange

  • 1 2,5" tøyslange

  • Masse enkeltmannspakkar