Eiksundtunnelen vart stengt onsdag morgon grunna ein bilstans.

– Berging bestilt. Vil truleg vere på plass ca. kl. 09:45, skriv Vegtrafikksentralen Midt på Twitter klokka 09.25.

Kort tid etterpå vart tunnelen opna igjen då bilen kom seg ut i ei naudlomme. Vegtrafikksentralen melder at tunnelen kan bli stengt ei kort periode i samband med berging.