Kommunalområde for Oppvekst, kultur og inkludering i Ørsta opplyser at dei har fått på plass styrarar i Dalane barnehage og Barnas Vel barnehage frå 1. august.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside, og skriv vidare:

– Vi er sikre på at dei vil oppretthalde dei gode verdiane som desse to barnehagane byggjer på, og ta nye steg i lag med barn, foreldre og tilsette.

Cathrin Engetrøen er tilsett som styrar i Dalane barnehage frå 1. august 2023. Ho er for tida konstituert i stillinga.

Einar Magne Moe er tilsett som styrar i Barnas Vel barnehage frå 1. august 2023. Han er for tida styrar i Hovdebygda barnehage.