Vinterferien er i år lagt til veke åtte, og interesserte finn informasjon og påmelding på heimesida til Sunnmøre friluftsråd.

To turar

Friluftsrådet arrangerar to ulike turar der du kan velgje mellom ei eller to overnattingar.

Måndagsturen har ei overnatting og har aktivitetar på måndag 20. februar og tysdag 21. februar.

Onsdagsturen har to overnattingar med aktivitetar frå onsdag 22. februar til og med fredag 24. februar.

Du får vere med på: Skitur/trugetur, tre timars kort i heisa med Ørsta skisenter, bålkveld, peiskos og spel, snøborgbygging – og overnatting inne eller ute.

Gratis

Aktivitetar, tre timars heiskort, mat, overnatting og eventuelt lån av utstyr er gratis.

Dei som treng å låne noko utstyr eller vinterkle må gje beskjed om dette ved påmelding, og arrangørane skal prøve å ordne dette.

Sunnmøre friluftsråd og studentar i friluftsliv ved Høgskulen i Volda stiller med leiarar.