– Vi er veldig glade for at vi er tilbake med det viktige arbeidet med kontrollar i tillegg til kampanje, etter ein periode med mindre slik aktivitet dei siste to åra, seier Ingvild Ryengen-Bjerke i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ho understrekar at dette arbeidet er viktigare enn på lenge etter ein noko uvanleg vår og sommar med fleire alvorlege trafikkulykker.

– Festar du beltet på deg sjølv, bidreg du også til auka sikkerheit for dei andre på bussen. Dersom det skjer ei ulykke, er det av stor betyding om du har på deg belte eller ikkje – både for deg og medpassasjerane dine. Belte i buss bidreg til at du blir halden på plass i setet ditt, og dermed utgjer du også ein mindre risiko for dei andre på bussen, fortel Ryengen-Bjerke.

Det vart gjennomført flest kontrollar i Viken fylke med 1766 og Vestland fylke med 1632, tett følgt av Rogaland med 1018.

Gløymer du beltet, kan det bety 1500 kroner i bot. Kampanjen for å bruke belte i buss held fram i sosiale medium og på kino gjennom hausten.

– Det tek tid å endre haldningar, og endå lengre tid å endre vanar. Vi vil framover sjå på korleis vi best mogleg når dei ulike målgruppene, seier Ryengen-Bjerke.

(©NPK)