Klokka 16.48 melde politiet at Eiksundtunellen er stengd grunna røykutvikling i ein bil.

– Naudetatane er på steden, ikkje meldt om røyk frå bilen. Det blir gjort vidare undersøkingar før tunellen kan opnast, skriv politiet på Twitter.

110-sentralen opplyser at det ikkje er teikn til brann i bilen. Bilen skal vere nær utløpet av tunellen i retning Ørsta.

Klokka 17.03 melde Vegtrafikksentralen Midt om tunellen var opna att.