Ein bil med sju peronar køyrde inn i ein lyktestolpe på Eiksund i 4-tida i natt.

– Naudetatane rykker ut etter melding om trafikkulykke langs fv633. Ein bil og totalt sju personar involvert. Ikkje meldt om personskade, melde politiet først.

Vegbana var stengt ein periode, fordi Mørenett måtte fjerne ein straumkabel. Vegen vart opna ved 5-tida.

Førarkortet til ein mann i 60-åra vart inndrege.