Statens Vegvesen melde laurdag føremiddag at det hadde gått eit steinskred/steinsprang ned på fylkesvegen mellom Dalsbygda og Steinsvika i Dalsfjorden.

Vegen blir tidlegast opna måndag klokka 17.00, skriv Statens Vegvesen. Dermed er opninga utsett, då søndag klokka 13.00 tidlegare var estimert opnings-tidspunkt.

Laurdag kom det også eit jordskred ned på fylkesvegen på andre sida av Dalsfjorden - ved Kroknesbrua nord for Aksneset. Der vart vegen opna laurdag ettermiddag.