Det fortel leiar for frivilligsentralen i Volda, Astrid Gjersdal.

Torsdag gjekk ho ut på Facebook, og bad om at folk som kan yte litt mokehjelp i romjula, kan melde seg.

– Sjølv har eg ferie, men eg kan formidle kontakt med dei som har behov for mokehjelp, seier Gjersdal.

Ho fortel at det folk som sit i rullestol, eller som har andre helseproblem, som har bedt om hjelp.

– Og fellesnemnaren er at dei ikkje har noko kontaktnett i Volda med folk som kan hjelpe dei, fortel Gjersdal.

Det handlar fyrst og fremst om folk i sentrumsområdet. Då har Gjersdal ei bøn.

– Eg håper på nabohjelp. Slik hjelp er viktig, så har du tid og krefter, sjå over hagegjerdet eller gata, og om der er folk som kan ha behov for litt hjelp for å kunne kome seg ut, seier Gjersdal.