Stikk UT! Vinterfottursesongen nærmar seg og det er tid for å finne vinterfotturar i kommunen.

Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd, og vil ha innspel om vinterturmål innan 12. oktober.

Kommunen ramsar opp nokre moment som er viktige når det gjeld val av vintertur:

Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv.

Ein må ha avklaring med grunneigar.

Dette skal vere turar nær der folk bu.

Tilgjengeleg parkeringsplass.

Solid underlag som tåler slitasje vinterstid.

Vintertilhøve, ikkje fare for snøskred eller is-sprang.

Variasjon i såkalla grøne og blå turar - gradering i vanskegrad.