I samband med røykvarslardagen torsdag 1. desember skal folk frå Ørsta brann og redning ha stand på Alti. Alle som kjem innom standen har høve til å delta på ein Quiz, der premien er eit sett med to seriekopla røykvarslarar.

I Ørsta kommune har det dei siste fem åra vore 16 bustadbrannar. Røykvarslaren reddar liv. Test difor røykvarslarane og byt batteri ved behov på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Ørsta brann og redning.

Og vidare:

«Det viktigaste du kan gjer for branntryggleiken i heimen, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden verkar som dei skal, og at dei kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Røykvarslarar bør testast jamnleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det klart beste er å ha seriekopla varslarar.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula,  særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å teste røykvarslarane og å byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember.»

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Bjørnis skulle kome, men det stemmer ikkje, opplyser brannvesenet onsdag morgon.