Det viser fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Perioden 1951 til 1960 var eit tiår med stor skogplanting i Møre og Romsdal. Surnadal og Ørsta kommunar hadde klart høgast tilplanta areal i dette tiåret, rundt 15.000 dekar kvar. Vanylven kommune ligg overraskande på ein sjetteplass når det gjeld granplanting på 50-talet, står det skrive i statistikken.

Skogen planta på 50-talet, som no begynner å bli hogstmoden, gir ein peikepinn på kva kommunar som har størst hogstpotensial i åra framover. Historisk har det vore mest hogst på indre Nordmøre, men dei siste fem åra har det vorte meir hogst sør i fylket. Det kjem naturleg av at kulturskogen av gran begynner å bli hogstmoden.

– Når vi summerer hogstvolumet for kommunane dei siste fem åra, finn vi at Surnadal og Ørsta ligg på topp. Dette samsvarer godt med plantedata frå 50-talet. Vanylven kommune ligg langt nede på lista, noko som tyder på stort hogstpotensial i åra framover.