– Store deler av planområdet ligg på fulldyrka jord. I gjeldande kommunedelplan er allereie området sett av til anna føremål enn landbruk. Ein bør likevel gjennom føresegner om rekkjefølgje sørge for at ein ikkje byggjer ned større areal enn nødvendig. Når ein bygger ned dyrkajord må ein økonomisere med arealet og legge opp til høg utnytting, skriv Fylkesmannen i fråsegna om planen.

Mykje av planområdet utgjer dyrkajord som i gjeldande kommunedelplan er sett av til sentrumsfunksjonar.

– Kommunen må difor også tenke langsiktig og syte for at tilstrekkeleg areal til slike funksjonar ikkje blir bygd ned med bustader. Det vil vere svært uheldig med omsyn til jordvern om ein i ettertid skulle behøve areal til sentrumsfunksjonar og ein har brukt opp arealet på bustadhus.

Fylkesmannen peikar også på at det går ein bekk gjennom området, som må takast vare på både av omsyn til biologi og som naturelement.