Av Svein Hagen. Artikkelen var først publisert på smp.no

Engeset hadde tida 4.27,02 på 1.500 meter, og kom med det bak vinnaren Sigrid Jervell Våg (4.25,75) og toaren Camilla Ziesler (4.26,42) på resultatlista.- Eg er kjempenøgd med en ny bronsemedalje i dette meisterskapet. Med mitt tynne grunnlag denne sesongen, så var dette over all forventning, seier ho.Ho merka at laurdagens finale var hennar andre løp på distansen denne sesongen, det første kom fredag.- Eg merker at det manglar ein del sprut i beina, det var ikkje så mykje å hente ut på oppløpssida i alle fall, understrekar ho.Fått ny motivasjonTo medaljar i eit NM heilt på tampen av sesongen har i alle fall gitt ho ny inspirasjon og motivasjon for å satse neste sesong.- Eg kunne ikkje fått ei betre vitamininnsprøytning før eg går i gang med ny trening for eit år til som friidrettsutøvar, seier ho.I lengde for kvinner vart Sigrid Kleive, Ålesund nummer seks med 5,61, medan Caroline Amalie Sætre frå Fiskå vart nummer sju med 5,44.