Gratismagasinet «Magasinet 60+» har invitert til samarbeid med Ørsta kommune. Det handlar m.a. om gratis distribusjon til husstandar i Ørsta kommune, finansiert av profilering/annonser lokalt. Målgruppa er aldersgruppa 60+. Firmaet er lokalisert til Porsgrunn, men har ein lokal annonseseljar i Ørsta, skriv sakshandsamar Jostein O. MO i ei saksutgreiing til levekårsutvalet.

Magasinet ønskjer at kommunen produserer tekst, artiklar og aktuell informasjon som tekstgrunnlag for magasinet. magasinet. Forlaget skal skaffe finansiering gjennom annonsesal. Magasinet er meint å kome ut to gonger i året, t.d. med ca. 40 sider. Halvparten er meint å vere tekst/illustrasjonar el.l. levert av Ørsta kommune og resten annonser. Ørsta kommune vil såleis ikkje ha økonomisk ansvar så lenge tekstdelen vert levert til avtalt tid.

Sakshandsamar Mo er samd i at god og lokale informasjon er nyttig, og at dei eldre er ei gruppe som er ekstra viktig å tenke på i ein stadig meir digitalisert kvardag. Han ser likevel invitasjonen i samanheng med andre informasjonskjelder i lokalsamfunnet, og kva marknadskrefter kommunen bør samarbeide med.

– Utifrå den informasjon som ligg føre i denne saka vert tilbodet administrativt vurdert til ikkje å vere ei kommunal oppgåve som bør prioriterast. Møre-Nytt og eit aktivt organisasjonsliv er allereie mellom viktige informasjonsresursar for dei eldre. Eldrerådet må sjølv kunne vurdere om prosjektet kan følgjast opp, men levekårsutvalet har ikkje resursar å frigi til dette føremålet.

Saka kjem opp i levekårsutvalet onsdag 3. mai.