Søknaden om å tilrettelegge Hjørundfjordegga har skapt mykje diskusjon i lokalmiljøet og i friluftsmiljøet det siste året. Det var Stig Helset som la fram planane for kommunen våren 2016. Planen er å tilrettelegge ei rute mellom Saksa og Elsantinden i Hjørundfjorden.

Fleire har uttalt seg kritisk til prosjektet. Mellom anna sende seks tindevegleiarar brev til kommunen der dei gjekk mot prosjekt. Dei meiner at Hjørundfjorden bør marknadsførast og presenterast som urørt natur. Dei meiner også at Hjørundfjordegga er ein bratt og krevjande tur som berre er eigna for ei lita brukargruppe.

Ålesund-Sunnmøre turistforening er også kritiske til prosjektet, og stiller seg bak brevet frå tindevegleiararne.

Hotell Sagafjord og Hotel Union Øye er blant aktørane som har vore positive til prosjektet.

Ørsta reiselivslag uttalte seg først positivt om søknaden, men sende før helga ein endra uttale.

– Reiselivslaget drøfta saka i styremøte 15. mars, og vil støtte tanken (m.a. frå Høgskulen i Volda) om å sjå behandlinga av saka om Hjørundfjordegga i samband med Masterplanen for reiseliv.

Tre tiltak

Søknaden består ifølgje kommunen av tre tiltak:

- Ein om lag fem meter lang kjetting på eit utsett parti i skaret mellom dei to toppane på Saksa.

- Ein kjetting på femten meter ved oppstiginga av ein bratt hammar.

- Ein kjetting på 35 meter ved eit utsett parti nær Elsandtinden.

Søkarane ønskjer å etablere ei «merkevare» som kan trekkje til seg turistar på line med t.d. «Romsdalsegga» eller «Besseggen».

- Denne søknaden er spesiell på fleire måtar. Den ligg i ei «gråsone» i høve omfang, og kor vidt den ut frå dei fysiske tiltaka uløyser krav om særskilt handsaming og dispensasjon frå gjeldande arealdel til kommuneplanen og eventuelt byggeløyve, skriv sakshandsamar Gunnar Wangen.

Enkle tiltak er ikkje avhengig av løyve, men større tiltak, som t.d.l «Via ferrata»-anlegg vil vere avhengig av dispensasjon.

– Saka utløyser først og fremst prinsipielle spørsmål om val av strategi for å tilrettelegge både for friluftsliv og for reiseliv, og kva som er rett profilering og satsing i Sunnmørsalpane og i Hjørundfjorden. Denne ruta er i eit vesentleg meir krevjande terreng enn der det elles normalt vert etablerte turruter for friluftslivet, og spørsmålet om kvar og korleis det ev. skal gjennomførast tilrettelegging av turruter i fjellet vert aktuelt. Tiltak fremja som ein del av eisatsing på turisme og reiseliv på eine sida må vegast opp mot omsyn til tryggleik og kva typertilrettelegging og inngrep ein ønskjer eller finn forsvarleg. Saka kan såleis verte førande for seinare saker som kan samanliknast med denne, skriv Wangen.

Han legg til at omsynet til tryggleik også er viktig i denne saka.

Kritisk

Administrasjonen konkluderer med at tiltaka ikkje er søknadspliktige, men er likevel negativ til tiltaka ut frå eit friluftsomsyn.

– Innanfor ramma som friluftslivet gjev, er det rådmannen si vurdering at det ikkje bør stimulerast til slik tilrettelegging av Hjørundfjordegga som no er omsøkt. Ruta er ikkje eigna til brei bruk sidan den ligg i eit alpint fjellterreng som er krevjande og med utsette parti. Der grunnlaget er det generelle friluftslivet, finn rådmannen altså at det både av prinsipielle grunnar og av omsyn til tryggleiksspørsmåla ikkje er rett strategi å stimulere til slike prosjekt.

Når det gjeld reiselivet, meiner rådmannen det er større grunnlag for å vurdere slike prosjekt.

– Rådmannen er likevel i tvil om dette tiltaket vil vere rett strategi. Dette på grunn av dei mange innvendingane knytt til tryggleik, som rådmannen meiner må takast på alvor. Det er også eit spørsmål om ikkje ruta vil kunne ha like stor verdi om den vert marknadsført knytt til eit tilbod om guiding, men utan dei omsøkte tilretteleggingstiltaka.

Utfordrande

Det har vore utfordrande å vurdere dei ulike omsyna opp mot kvarandre i saka.

– Det er ikkje eitt rett svar eller fasit på desse spørsmåla. Sjølv om tiltaket ikkje er særleg omfattande i seg sjølv, kan det få stor symbolverdi i høve kva strategi kommunen vil peike ut. Endeleg utforming av ein strategi på dette området bør truleg skje over noko tid slik at det både vert vunne røynsler, og at problemstillingane kan «modnast».

Saka skal opp i Ørsta formannskap i dag, tysdag.