Restaureringa starta sist haust, og det vart løyvd 70.000 kroner frå fylket og 140.000 frå Norsk kulturminnefond, i tillegg til eigenkapital.

– Dessverre rakk midlane berre til å utbetre tømmerkasse og trod. Budsjettet vårt var for lågt og vi har ikkje kome oss i mål med det som skal gjerast. Det som står att er å få lagt torv på taket, seier Aakre i ein søknad til kommunen.

Der håper ho på ei kommunal løyving på 37.500 kroner for å få fullført restaureringa.

– Eg vonar på det sterkaste at kommunen har moglegheit til å hjelpe oss å kome i mål. Då har vi lykkast med å restaurere alle dei seks bygningane som utgjer Bakketunet, seier Aakre.