– Kort tid etter at eg byrja å ta kapslane merka eg at det hjalp mot psoriasisen min. Etter eit par månader forsvann det litt etter litt og vart heilt vekke, fortel Håvard Vartdal i eit intervju som har blitt sendt i TV 2.

Vekkjer oppsikt

Nyheitsaka handlar om silderognekstraktet frå Arctic Nutrition i Hovdebygda. Produktet har vore på marknaden ei stund, men skal no testast i eit forskingsprosjekt, for å sjå om det kan få status som legemiddel.

Sanningsvitne

Vartdal-plast gründeren Håvard Vartdal står fram som sanningsvitne på effektane av kapslane med stoff frå silderogn. Han har vore plaga med hudsjukdomen psoriasis.

– Eg tenkte at det var for godt til å vere sant. I ein periode slutta jeg å ta kapslane og då kom psoriasisen tilbake. Kort tid etter at eg byrja på igjen, forsvann lidingane. Eg er ikkje i tvil om at dette fungerer for meg, seier Vartdal til TV2.

Forsking

Artic Nutrition , som held til i Hovdebygda, har store voner til silderogneekstraktet.

– Har du betennelse, så blir den dempa på ein god måte og spesielt mot psoriasis. Vi ønskjer å utvikle dette til eit legemiddel, seier dagleg leiar Hogne Hallaråker til TV 2.

I eit intervju på TV2 fortel Vartdal Plast-gründeren Håvard Vartdal at han har blitt kvitt plagene med hudsjukdomen psoriasis etter at han byrja med silderogn-produktet frå Arctic Nutrition. Foto: Arkivfoto