– Eg vil på vegne av Ørsta få lov å takke Sparebankstiftinga for rause gåver til frivillige lag og organisasjonar. Dette er svært kjærkome og vil vere ein sterk bidrag til auka frivillig aktivitet framover, seier Sørheim.

Som viser til at det vert nok ei tildelingsrunde seinare i år.

– Det å få denne moglegheita til å søkje på årlege prosjektmidlar i storleiken 35 til 40 millionar kroner i året for søre Sunnmøre er ei heilt unik moglegheit. Det er ein heilt ny situasjon som gir oss store moglegheiter til å få realisert prosjekt som vi tidlegare berre kunne drøyme om, seier Sørheim, som meiner ordninga er kjempebra - for alle dei som står på og jobbar for lokalsamfunnet vårt, og for auka aktivitet og trivsel for born og unge.