Prognosane viser at klinikk for kirurgi i Volda vil ha 11 millionar kroner i negativt avvik mot slutten av året. Dei har eit godkjent underskot i 2015 på 6 millionar, og står dermed att med eit utfordringsbilete på 5 mill.

Det har mellom anna vore foreslått å redusere talet på senger, men klinikken meiner at driftsmiljøet er så lite at dette vil gjere det vanskelegare å nå produksjonskravet for 2015.

Dei meiner derimot at dei har eit potensial for auka aktivitet innan dagkirurgi med inntil 50 prosent innanfor gjeldande rammer. Dette fordrar ei stor omlegging av måten klinikken driv på. Dei vil auke med om lag 600 inngrep per år. Klinikken vil innfase nye operasjonsteknikkar og jobbe for å gjere tilbodet ved sjukehuset betre kjent. Dei jobbar også med ein alternativ plan for effektivisering, med fokus på kostnadsreduksjon, dersom det viser seg at aktivitetsauken uteblir.