– Vi har opplevd det som krenkande at nokon heilt medvite har gått inn for å sverte oss.
<strong>Nettmobbing:</strong> Camilla Venes (18) og Kaisa Storborg Sæbønes (17) har vorte hengt ut på Jodel, anonymt. Dei unner ingen andre å verte utsett for nettmobbing, og tek no eit oppgjer mot nettmobbarane. – Om nokon har noko dei ønskjer å seie, så kan dei seie det til oss på ein skikkeleg måte. Vi har vore heldige og har gode vener og familie rundt oss, i tillegg til at vi har kvarandre. Vi kjem styrka ut av dette, men det er ikkje alle som er like heldige. Nettmobbing kan få alvorlege konsekvensar for dei som vert plaga, åtvarar dei.