No har avtalen med eigedomsmeklarselskapet Notar gått ut, skriv Nett.no.

Grunneigarane må likevel ikkje ta meir enn kostnaden med reguleringsplanen dersom det ikkje blir noko utbygging. Det er ikkje investert i utbygging av infrastruktur, og dette blir heller ikkje gjort før det er selt nok hytter til å dekke kostnaden. Styreleiar Ivar Driveklepp i Reset hyttegrend sat til Nett.no i 2015 at det går opp dersom det blir selt seks tomter.

Ifølgje Nett.no har grunneigarane vore varsame med å ikkje hamne i same situasjon som grunneigarane på Bondalseidet. Her kom mykje av infrastrukturen på plass før tomtene vart selde.

Mindre sikre snøforhold gjer hytter på Reset og Bondalseidet mindre interessante for potensielle kjøparar, trur Nett.no. I tillegg har Kvivsvegen gjort meir snøsikre stader som Hornindal og Stryn meir interessante for snøhungrige sunnmøringar.